Etter- og vidareutdanning

Vidareutdanning i kroppsøving

Det vert tilbode vidareutdanning i kroppsøving for lærarar (30 studiepoeng) som ein del av vidareutdanningsprogrammet "kompetanse for kvalitet". Symjing og livredning er eit av fleire tema i vidareutdanninga.

På Utdanningsdirektoratet sine nettsider vil du finne oppdatert informasjon om studietilbod i heile landet.

Oversikt over studietilbod 

NB! Ver oppmerksam på at det ved fleire utdanningsinstitusjonar er mogleg å søkje om opptak til enkeltemner i kroppsøving. Desse vil ikkje kome opp på Utdanningsdirektoratet si oversikt. Ta kontakt med den aktuelle utdanningsinstitusjonen for informasjon.

Etterutdanning

Det finst per dags dato ingen tilbod om etterutdanning som inkluderar symje og livredningsopplæring. Det er planar om oppretting av slike kurs fleire stadar i landet, informasjon om det vil då vera å finne her.