X, Y og I

Eleven prøver å flyte på magen og ryggen som ein X (armar og bein frå kvarandre), Y (beina frå kvarandre, armane saman i linjehaldning og omvendt) og I (pil/linjehaldning). Dersom eleven slit med å flyte som ein I, kan ein medelev/hjelpar halde beina. Utfordre eleven til å prøve å flyte som ei stjerne på rygg i 3 minutt!