Stup - progresjon

Ein kan øve gradvis på stup.. Det første steget er å stupe medan ein sit på kanten. Det andre steget er å stupe frå ein huksitjande posisjon. Deretter kan ein stupe med eit kne i golvet, så begge knea i golvet. Etter kvart kan eleven prøve på ståande stup med beina samla, og til slutt prøve med sats.

I alle dei ulike nivåa av stup skissert over skal hovudet plasserast mellom armane slik at overarmane pressar godt inntil øyrene. Eleven ser ned (har nå "stuphaldning") og let kroppen falle framover. Samstundes sparkar han/ho frå, medan hovudet framleis er mellom armane og blikket vendt nedover. I lufta- og når ein bryt vasskorpa, har kroppen linjehaldning. Eleven gjer så crawlbeinspark og styrer kroppen til overflata.

 

Denne aktiviteten kan etter kvart kombinerast med aktivitetar for framdrift, t.d. ved at eleven byrjar å symje crawl med pusting over 10 meter. Eleven kan og stupe uti og prøve å rotere over på rygg i vatnet