Kva skal eleven læra?

Kompetansemål for symjing, sjølvberging og livberging er nedfelt i læreplan for kroppsøvingsfaget og er spesifisert etter 2.-, 4.-, 7.- og 10. trinn.

Kompetansemåla syner ein progresjon frå å vera vanntilvendt, til å vere symjedykig og å kunne utføre varierte symjeteknikkar, til å symje ein lengre distanse. Dei syner også progresjon frå å øve på trygg og sporlaus ferdsel ved vatn, kunne tilkalle hjelp, berge seg sjølv, og til å kunne forstå og gjennomføre livberging i, ved og på vatn ute i naturen.

2. trinn

  • leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn
  • øve på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp

4. trinn

  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
  • øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen

7. trinn

  • utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn
  • vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn

10. trinn

  • utføre varierte symjeteknikkar og kunne symje ein lengre distanse basert på eiga målsetjing
  • forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen
  • forstå og gjennomføre livreddande førstehjelp 

Kompetansemåla er knytt til kjerneelementa "Bevegelse og kroppsleg læring" og "Uteaktivitetar og naturferdsel". Kompetansemåla må sjåast i samanheng med kvarande, både innan og mellom kjernelement og med opplæring på tvers av fag. Progresjonen skal medvirke til aktiv deltaging og samspel i ulike aktivitetsformer som rommar blant anna leik, friluftsliv, symjing og anna aktivitet i vatn.

Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen (forskrift til opplæringslova § 3-3).

Læreplan for kroppsøvingsfaget (Udir)

Kva er kjerneelementer?