Kven er ansvarleg for at eleven blir symjedyktig?

Skulen er plikta til å gjere eleven symjedyktig og at kompetansemåla for symjing og livredning blir nådde, men opplæringa bør skje i eit samspel mellom skulen og foreldre/foresatte si oppfølging av eigne born.

Ansvaret til skuleeigar og rektor

Det er skuleeigar, det vil sei kommunen eller eigar av privatskule, som er ansvarleg for å stille til rådigheit dei ressursane som skal til for at krava i kompetansemåla kan nåast. Dette er nedfelt i opplæringsloven § 13-10. Skuleleiar/rektor er ansvarleg for at dei som underviser i symjing har tilstrekkeleg kompetanse, og for å sikre tilstrekkeleg mengde undervisningstimar. Skuleleiar/rektor har òg ansvar å sjå til at dei elevane som treng ekstra oppfølging faktisk får det, og at prinsippet om tilpassa opplæring vert ivaretatt.

Forskriftsendringar om ferdighetsprøve i symjing er fastsatt og kunngjort. Endringane er gjeldande frå 1. august 2017.

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova gjeld følgjande endringar

§ 2-4 nytt tredje ledd skal lyde:

Elevar skal delta i ferdigheitsprøva i symjing slik denne er fastsett av departementet. Skoleeigaren skal sørgje for at dette blir gjennomført. Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev frå å delta i heile eller delar av prøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Slik tilrettelegging kan ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla som ligg til grunn for ferdigheitsprøva. 

Ansvaret til foreldre/føresatte

Foreldra/føresatte har òg ansvar for at barnet vert stimulert til utvikling og læring, og det er frå samfunnet forventa at foreldra/føresatte best mogleg legg til rette for dette.

I heimen kan ein leggje eit godt grunnlag for ei vellukka symje- og livredningsopplæring i skulen. Tips til kva du som lærer kan oppfordre foreldre/føresatte til å bidra med, finn du her

Samarbeid skule-heim

Eit godt samarbeid mellom heim og skule er av vesentlig betydning for at foreldra/føresatte skal kunne ivareta ansvaret på ein god måte. Det ligg på skulen å ta initiativ til-, legge til rette for-, og gi eit innhald til samarbeidet. Det ligg òg på skulen å stille krav til foreldre/føresatte om medverknad. Skulen sitt ansvar i skule-heim-samarbeidet er definert ved at den involvere og trekke med foreldre/føresatte (forskrift til opplæringslova, §20-1). 

Eleven sin rett

Dersom ein elev, eller eleven sine foreldre/føresatte, ikkje føler han eller ho får tilstrekkeleg god symje- og livredningsopplæring kan dei klage til rektor. Barneombudet har laget ein mal for eit slikt klagebrev. Dersom klagen ikkje fører fram kan ein kontakte Barneombudet, eller gå direkte til Fylkesmannen. Det er Fylkesmannen sitt kontor som har tilsynsmyndigheit med kommunen og skulen.