Elementær ryggsymjing

Elementær ryggsymjing er ein symjemåte der ein i periodar kviler i vatnet (i glifasen). Beinsparket er som i brystbeinsparket, berre på ryggen. Frå "ubåtstilling" fører ein armane over hovudet.

Framføringa skjer i vassflata. Begge armane arbeider samstundes ut til sida heilt ned til hofta. Armtaket og brystbeinsparket kjem samstundes, deretter er det ein glifase/kvilefase i "ubåtstilling". Kroppen er i vassrett posisjon og hovudet (øyrene) er under vatn. Eleven skal symje som ein manet eller ein blekksprut.