Kaptein og ubåt

To og to elevar går saman, ein er kaptein og ein er ubåt. Eleven som er ubåt flyt med linjehaldning på magen, kapteinen styrer ubåten i ulike retningar.

Vidare kan den eine eleven liggje flat i vatnet med armane langs sida, som ein ubåt. Den andre eleven støttar lett opp rundt hofta/låra. Eleven går frå å vere ubåt til ei pil ved å strekkje armane fram, gjere seg strak som ei pil, og presse brystkassa lett nedover mot botnen. Eleven kan deretter prøve aleine.

Til slutt kan den eine eleven flyte som ein ubåt på magen, medan den andre dreier ubåten over på ryggen. 

Eleven kan og prøve å dreie seg sjølv aleine.