Obligatorisk øvelse 7 - svømmedyktig (testøvelse 10)

  • Eleven skal kunne falle uti på djupt vatn. Symje 100 m på magen og undervegs dykke ned og hente ein ting med hendene. Stoppe og kvile (imedan flyte på mage, orientere seg, rulle over, flyte på rygg) samla i tre minutt. Deretter symje 100 m på rygg og ta seg opp på land.
For å bli symjedyktig må ein kunne følgjande element:
1. Å falle uti på djupt vatn og orientere seg mot overflata,
2. å kunne veksle mellom å symje på mage og på rygg,
3. å kunne dykke frå overflata,
4. å kunne flyte (innta kvilestilling) for å hente krefter og sjå kor ein er og symje for å ta seg til ein redning,
5. å kunne symje ein lenger distanse,
6. å kunne ta seg på land