Gli gjennom ring - under vann

To og to elevar går saman, ein held ringen under vatn, den andre sparkar frå kanten og glir som ei pil på rygg/mage gjennom ringen. Eleven kan bli påminna om at han/ho må krype godt saman før fråspark - ha 90 grader i knea - kome opp til overflata i linjehaldning og gli vidare på overflata. Eleven kan prøve å slå eigen rekord ved kvar prøving.