Roterom

Utstyr: Diverse flytemidlar (symjebrett, ballar osv)

Spre mange ulike ting utover i vassflata (symjebrett, ballar og liknande). Eleven skal røre seg mellom alle desse tinga utan å vere borti dei. Ved å gå i vatnet lagar ein rørsle slik at tinga rører på seg. Aktiviteten kan gjerast både gåande/springande og forlengs/baklengs.

Som avslutning kan du gi elevane i oppdrag å samle inn flest mogleg ting (og på den måten også få rydda opp). Ein annan variant er å dele inn i fleire grupper. Kvar gruppe har ein rokkering, og det er om å gjere å få ting inn i eigen ring, utan å vere nær dei med anna enn rokkeringen. Treng ikkje vere konkurranse.

 

Aktiviteten er henta frå "Veien til svømmedyktighet" - Norges svømmeskole