Butterfly armtak på brett med pust
Be eleven om å flyte i linje på symjebrettet med innlagt pusting. Brettet vil gi auka oppdrift slik at eleven må takle si eiga oppdrift pluss oppdrifta til brettet. Medan eleven pustar bør han/ho prøve å halde seg i same vassjikt, og unngå å synke ned.
Pass på at brettet er under lungene, ikkje over ledd (hofteleddet), og at eleven ligg roleg med hender og føter.