Ryggcrawl-beinspark
A. Eleven ligg på rygg og held brettet på brystet (kan følast tryggare for enkelte elevar), og gjer crawlbeinspark.
B. Deretter held eleven brettet over beina (ubåt-stilling), men unngår at knea treff brettet når han/ho gjer crawlbeinspark.
C. Så held eleven brettet over hovudet i linjehaldning (kan vere lettare utan brett). Fokuserer på å sparke føtene opp i vassflata og lage små bobler.
D. Eleven gjer crawlbeinspark, med og utan symjeføter.
E. Eleven gjer så crawlbeinspark med armane langs sida (ubåtform), utan brett.
F. Deretter held eleven armane langs sida (ubåtform), utan brett, men nå ligg eleven anten på høgre eller venstre side (skulder/overarm ligg ut av vatnet),
G. Eleven har armane langs sida (utbåtform) og trener på rotasjon frå side til side; t.d. fem-seks beinspark i ubåt, fem-seks beinspark på høgre side, fem-seks beinspark i ubåt, fem-seks beinspark på venstre side osv.
H. Som over, men nå ligg eleven som superman/woman (skulder/overarm ut av vatnet). Minn eleven på at arm og øyre ligg saman - han/ho skal vere som ei pil.