Delfinstup
Eleven står på botnen i hoftedjupt vatn, med armane strake over hovudet og pressar godt inntil øyrene. Bøyer hoftene framover og eleven ser ned medan han/ho tek fråspark frå botnen og stuper fram. Stupet vert avslutta med at eleven glir ned mot botnen med same kroppshaldning - løfter hovudet - strekkjer kroppen til svai - ser opp og styrer mot overflata.