Kva skal eleven læra?

Elevane skal tileigna seg kunnskapar og ferdigheiter i tilvenning til vatn, trygg ferdsel, symjing, sjølvberging og livberging. Kjerneelement, kompetansemål og vurdering er nedfelt i læreplan for kroppsøvingsfaget. Kompetansemåla og vurdering beskriv kva elevane skal kunne etter ulike trinn og springer ut frå fagets kjerneelement og dei andre innleiande tekstene til læreplanen.

Trygg og forsvarleg opplæring

Utgangpunktet for opplæringa er at den skal være forsvarleg. Her kan du lese meir om krava i regelverket og anbefalingar til skuleeigar og skulen som eit profesjonsfelleskap for å sikre trygg og forsvarleg opplæring.

Veileder for trygg og forsvarlig opplæring i, ved og på vann 

Kjerneelement

Kjerneelementa beskriver det viktigaste innhaldet i faget. Kjerneelementa og kompetansemåla heng nøye saman. Innhaldet i kjerneelementa er utdjupa og konkretisert i kompetansemåla.

  • Uteaktivitetar og naturferdsel
  • Bevegelse og kroppsleg læring

svømmedyktig.no framstillas aktivitetane under dei to kjerneelementa i badestigen

Kompetansemål

Kompetansemål etter 2. trinn

  • leike og utføre grunnleggjande øvingar med tilvenning til vatn, som å dykke, flyte, gli, skape framdrift, hoppe uti og orientere seg i vatn
  • øve på trygg ferdsel ved vatn og på å kunne tilkalle hjelp

Kompetansemål etter 4. trinn

  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
  • øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen

Kompetansemål etter 7. trinn

  • utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn
  • vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn

Kompetansemål etter 10. trinn

  • utføre varierte symjeteknikkar og kunne symje ein lengre distanse basert på eiga målsetjing
  • vurdere risiko og sikkerhet ved ulike uteaktiviteter, og forstå og gjennomføre sporløs og trygg ferdsel
  • forstå og gjennomføre livberging i, på og ved vatn ute i naturen
  • forstå og gjennomføre livreddande førstehjelp 

Kompetansemåla og vurdering skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen (forskrift til opplæringslova § 9-1).

Kompetanse i fagene (udir.no)

Kjerneelementer i kroppsøvingsfaget (udir.no)

Læreplan for kroppsøvingsfaget (udir.no)

Kva er kjerneelementer? (udir.no)

Undervegsvurdering