Kven er ansvarleg for at eleven blir symjedyktig?
Skulen er plikta til å gjere eleven symjedyktig og at kompetansemåla for symjing, sjølvberging og livredning blir nådde, men opplæringa bør skje i eit samspel mellom skulen og foreldre/foresatte si oppfølging av eigne born.
Ansvaret til skulen
Det er skuleeigar, det vil sei kommunen eller eigar av privatskule, som er ansvarleg for å stille til rådigheit dei ressursane som skal til for at krava i kompetansemåla kan nåast. Skuleleiar/rektor er ansvarleg for at dei som underviser i symjing har tilstrekkeleg kompetanse, og for å sikre tilstrekkeleg mengde undervisningstimar (opplæringslova § 17-3 og § 17-4). Skuleleiar/rektor har òg ansvar å sjå til at dei elevane som treng ekstra oppfølging faktisk får det, og at prinsippet om tilpassa opplæring vert ivaretatt. Les mer i Kapittel 11 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging i opplæringsloven.
I forskrift til opplæringslova § 19-9 står det at:
- Utdanningsdirektoratet kan fastsetje ferdigheitsprøver i svømming. Prøvene skal vise om svømmeopplæringa til elevane må styrkjast.
- Skolen kan gjere vedtak om å frita ein elev for heile eller delar av ferdigheitsprøva dersom det ikkje er mogleg å leggje prøva til rette for eleven. Ferdigheitsprøva må ikkje leggjast så mykje til rette at elevane ikkje blir prøvde i kompetansemål som ferdigheitsprøva skal måle.
- Utdanningsdirektoratet kan fastsetje nærare retningslinjer for gjennomføringa av ferdigheitsprøvene.
Ansvaret til foreldre/føresatte
Foreldra/føresatte har òg ansvar for at barnet vert stimulert til utvikling og læring, og det er frå samfunnet forventa at foreldra/føresatte best mogleg legg til rette for dette.
I heimen kan ein leggje eit godt grunnlag for ei vellukka symje- og livredningsopplæring i skulen. Haldninga til opplæringa i heimen er særs viktig for engasjement og innsats. Tips til kva du som lærer kan oppfordre foreldre/føresatte til å bidra med, finn du her.
Samarbeid mellom heim og skule
Det er de ansatte på skulen, foreldre og føresatte og elevene, som sammen har ansvar for å fremme helse, trivsel og læring, og for å forebygge mobbing og krenkelser. Hjemmets holdning til skole er av stor betydning for elevenes engasjement og skoleinnsats (Overordnet del: Samarbeid mellom heim og skule).
God kommunikasjon mellom heim og skule er derfor av vesentlig betydning for at foreldra/føresatte skal kunne ivareta eleven på ein god måte (forskrift til opplæringslova § 1-3). Det ligg på skulen å ta initiativ til-, legge til rette for-, og gi eit innhald til samarbeidet. Skulen sitt ansvar i skule-heim-samarbeidet er definert ved at den må involvere og trekke med foreldre/føresatte (forskrift til opplæringslova § 11-1).
Eleven sin rett
Kontaktlæraren har eit særleg ansvar for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og pedagogiske gjeremål i klassen (opplæringslova § 14-2). Dersom ein elev, eller eleven sine foreldre/føresatte, ikkje føler han eller ho får tilstrekkeleg god symje- og livredningsopplæring, kan dei henvende seg til kontaktlæreren.
Dersom ikkje kontaktlærar eller rektor ordnar opp, bør foreldre/føresatte seie frå til Statsforvaltaren. Då må Statsforvaltaren lage eit vedtak der det står kva skulen skal gjere for at eleven skal ha det bra. Er ikkje foreldre/føresatte/eleven fornøgde med hjelpa, kan de klage til Utdanningsdirektoratet. Les mer om elevens rett hos Barneombudet.
Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt og sjølvstendig organ for kunnskapsdepartementet som gjev råd og rettleiing til foreldre om samarbeid mellom heim og skule (opplæringslova § 10-9).
Foreldrenes arbeidsutvalg (FAU) er eit arbeidsutval som er valgt av foreldre i kvar grunnskule, og er ein konstruktiv samarbeidspartner for skulen. FUG gjev råd til FAU i saker knytt til eleven sin rett til tilfredsstillande utbytte av opplæringa.