Samarbeid skule-heim

I heimen kan ein leggje eit godt grunnlag for ei vellukka symje- og livredningsopplæring i skulen. Tips til kva du som lærer kan oppfordre foreldre/føresatte til å bidra med, finn du under. Det kan vera nyttig å informere foreldra om symje- og livredningsopplæringa på eit foreldremøte før opplæringa faktisk går i gang!

Foreldre/føresatte kan bidra ved å

  • framsnakke opplæringa for barnet og uttrykkje ei positiv haldning til at barnet skal få læra seg noko kjekt
  • øve på garderobesituasjon heime, slik at barnet kan verta meir sjølvstendig ved av- og påkledning, rydding og dusjing i skulegarderoben 
  • la barnet leike i vask, dusj og badekar, under kontrollert forhold
  • gjere barnet vane med å få vatn i andletet og å ha augene opne under vatn (kanskje dei kan leite etter skattar i vasken?)
  • gi ros når barnet slår eigne rekordar!

Informasjonsskriv til foreldre/føresatte 

Vi har utvikla eit informasjonsskriv som gir heilt enkel informasjon om kva symje- og livredningsopplæringa går ut på, korleis eleven skal bli vurdert, korleis opplæringa er organisert osv. Skrivet er å finne på nynorsk, bokmål, engelsk, somali, arabisk, polsk, litauisk, tysk og nordsamisk. 

Nynorsk - infoskriv (PDF)

Bokmål - infoskriv (PDF)

Engelsk - infoskriv (PDF)

Somali - infoskriv (PDF)

Arabisk - infoskriv (PDF)

Ukrainsk - infoskriv (PDF)

Polsk - infoskriv (PDF)

Litauisk - infoskriv (PDF)

Tysk - infoskriv (PDF)

Nordsamisk - infoskriv (PDF)