Gli på rygg med turbulens
Støtt eleven med flate hender under skuldrane og trekk eleven på ryggen rundt i bassenget. Når eleven får fart slepper du taket, men du held fram å gå bakover og brukar armane til å lage turbulens.
Du kan på dette tidspunktet gjerne fortelje eleven at det vil kome vatn i nasa når han/ho sparkar i frå på ryggen under vatn. For å unngå dette kan eleven blåse bobler ut av nasa.