Rotasjon og armtak

 

Eleven jobbar med rotasjon i kroppen på ei og ei side, og koplar deretter på bruk av arm, for så å rotere attende. Rekkefølgja i all symjing bør alltid vere å først setje i gang kroppen (massen) og deretter perifere delar som armar og bein. Dette er ei god drilløving for rotasjon. Eleven blir i denne øvinga heile tida konfrontert med balanse og rekkefølgja i rørslene.