Vindmølla med gli
Eleven sparkar frå kanten, glir og symjer ei lengde med fråspark, glir og gjer fire vindmøller på magen, utan pust. Roterer deretter over på ryggen for å kvile og puste. Roterer så tilbake på magen og gjer fire nye vindmøller, utan pust.
Kan og kombinerast med at i staden for å kvile symjer eleven fire-seks vindmøller på ryggen, før han/ho roterer tilbake på magen. Eleven kan og prøve å rotere litt og litt mindre, slik at ansiktet kjem nærare og nærare vasskorpa.