Samarbeid skule-heim
I heimen kan ein leggje eit godt grunnlag for ei vellukka symje- og livredningsopplæring i skulen. Tips til kva du som lærer kan oppfordre foreldre/føresatte til å bidra med, finn du under. Det kan vera nyttig å informere foreldra om symje- og livredningsopplæringa på eit foreldremøte før opplæringa faktisk går i gang!
Foreldre/føresatte kan bidra ved å
- framsnakke opplæringa for barnet og uttrykkje ei positiv haldning til at barnet skal få læra seg noko kjekt
- øve på garderobesituasjon heime, slik at barnet kan verta meir sjølvstendig ved av- og påkledning, rydding og dusjing i skulegarderoben
- la barnet leike i vask, dusj og badekar, under kontrollert forhold
- gjere barnet vane med å få vatn i andletet og å ha augene opne under vatn (kanskje dei kan leite etter skattar i vasken?)
- gi ros når barnet slår eigne rekordar!
Informasjonsskriv til foreldre/føresatte
Vi har utvikla eit informasjonsskriv som gir heilt enkel informasjon om kva symje- og livredningsopplæringa går ut på, korleis eleven skal bli vurdert, korleis opplæringa er organisert osv. Skrivet er å finne på nynorsk, bokmål, engelsk, somali, arabisk, polsk, litauisk, tysk og nordsamisk.